Et RJ-medlems 17. mai

Det å spille på 17. mai med RJ er en stor opplevelse; det er samhold, glede, god musikk og glade publikummere og tilhørere. Her kan du lese hvordan et av våre RJ-medlemmer beskriver dagen.

I år spelte eg i barnetoget i byen for 30. gong, har eg talt meg fram til. Ruta tok laaang tid i år, men det er jo berre moro. For barnetoget er noko av det gøyaste eg kan tenkje meg å vere med på på 17. mai! Har du så mykje som ein bitte liten musikant djupt inne i deg ein stad, burde du ta han fram og bli med neste år. Det er sikkert gøy å sjå på òg – langs ruta eller på tv – men ingenting kan måle seg med å vere midt oppi det og bli jubla fram gjennom Oslo.

Men 17. mai er særs mykje meir enn to timar i sentrumsgatene. Her kjem ei forklaring til dei som måtte tykkje eg ser litt matt og apatisk – men først og fremst lykkeleg – ut i dag:

Vi starta med morgontog på Romsås, med speleoppdrag på to skolar og på sjukeheimen undervegs. Så bar det til byen for å stille opp til barnetog – med ein del bagett- og rytmelogistikk på vegen – og avmarsj etter mykje venting og ventespeling. Barnetoget tok dobbelt så lang tid som vanleg, så det blei ekstra mykje speling og ekstra god tid til å sjå blide fjes langs ruta. Vi kom altfor seint fram til Christiania torv, men fansen på Kafé Celsius sat/stod trufast og venta, fulle av forventning og entusiasme. Der var det rett i gang med ein halvtimes friluftskonsert, og jubelen fylte opp energitanken att. Derfrå traska vi direkte ned til Rådhusplassen og om bord i bussen vår som suste ut mot den fagre Groruddalen. Vi hadde fått med oss dei heimesmurde bagettane og Solo-boksane vi hadde deponert på Celsius før avmarsjen i barnetoget, og kvarteret om bord i bussen blei nytta til effektiv restitusjon og mat- og drikkeinntak. Vel framme på Grorud skole var det berre å svelgje unna den siste bagettbiten, ta på hatten og stille opp til ny konsert – som publikum hadde venta ein time på. Etter takk og jubel bar det rett om bord att, og vi enda opp der vi starta mest sju timar tidlegare, heime på Bjøråsen. Ein fullpakka skolegard hadde venta lenge der òg, og det er noko ekstra å spele for heimefansen. Alle generasjonar nynnar og voggar med, og ungane dansar når vi speler Justin Timberlake og Daft Punk – og alle syng med på Romsåssangen som ei hyllest til dagen og heimen vår. Betre og meir komplett og rørande avslutning på ein prima dag kan eg ikkje tenkje meg.

Tusen takk til alle glade og oppmuntrande fjes dagen igjennom, og tusen takk til dei flotte og blide RJ-vennene mine som står på – og ikkje minst koser seg – med å gje DEG ein perfekt 17. mai!




#LydenAvRJ #17mai #17maiiOslo #RomsåsJanitsjar

Utvalgte innlegg
Nylige innlegg
Alt om RJ
No tags yet.
Kontakt Romås Janitsjar

KONTAKT

Her kan du finne kontaktinfo til oss.

info@romsas-janitsjar.no

Spill i Romsås Janitsjar

BLI MED I RJ

Romsås Janitsjar har medlemmer fra hele Stor-Oslo og ønsker alltid nye medlemmer velkommen på alle instrumenter!

REFERANSER

Ta en titt hva andre sier om oss både på konserter og i gata.

Grasrotndele Romsås Janitsjar

GRASROTANDELEN

Velg Romsås Janitsjar som din grasrotmottaker. Romsås Janitsjar får syv prosent av det du tipper for, men gevinsten din blir like stor.

 

Dobbel gevinst, altså!